Oppmot 20 prosent av oss slit med å køyre i tunnel
Svært mange menneske kjenner seg uvel og vil helst unngå å køyre i tunnel. Men angsten kan dempast, fortel forskarar ved Sintef i Trondheim.
10- 20 prosent slit
Det er faktisk dobbelt så trygt å køyre bil i tunnel som å køyre utanfor, når alle faktorar er tekne med i reknestykket, fortel Sintef-forskar Gunnar Jenssen.
Faktisk er det mellom 10–20 prosent av befolkninga som kjenner seg uvel eller gjer nesten kva som helst for å sleppe å køyre gjennom vegtunnelar. Spesielt eldre menneske synest det er utrygt.
I ei tidlegare undersøking ved Sintef gav heile 40 prosent av dei eldre uttrykk for eit sterkt ubehag ved å køyre i tunnel. Dei fortalde om vegger og vegbanar som såg ut til å skrumpe inn, og ei kjensle av å vera heilt utmatta når dei endeleg nådde opninga av tunnelen.
Gunnar Jenssen meiner dette kan ha samanheng med at eldre ser dårlegare enn yngre personar. Lysforhold i tunnelar er difor ein avgjerande faktor for korleis ein opplever tunnelen, seier forskaren.
Utforminga viktig
Ut frå dette har transportforskarar ved Sintef undersøkt forskjellig bruk av fargar, lys og mønster, og bruk av rom inne i berget, i tunnelane.
– Bergrom inne i tunnelen er eit verkemiddel som står høgt oppe på lista. Gjennom å lage trompetliknande utvidingar, både ved innkøyring og munning, får ein eit verkemiddel til å bryte opp lange tunnelar, seier Jenssen.
Lærdalstunnelen på 24,5 kilometer, har fått lagt inn tre store, lyssette bergrom etter forslag frå designfirmaet Kadabra Produktdesign AS, forskarar og kunstnarane Arild Juul og Brit Dyrnes.
Hovudpoenget er god lysfordeling, og bruk av effektbelysning. Det viser seg å gi oppleving av rom og ei forsterka tryggleikskjensle.