To familiar slapp med skrekken då ei diger steinblokk rulla ned skråninga mellom to hus.
Steinblokka dundra ned mellom to hus i Leikanger like før klokka 20 tysdag kveld, og la seg til ro midt på riksveg 55, tvers over for busslommen på Kløvi.
- Eg høyrde steinen komme, seier Jan Fjell til Sogn Avis på nett.
Djupe spor i hagen
Han er nabo til Oddny Wathne, som bur få meter frå der steinblokka dundra ned.
Huset til Wathne står heilt uskadd, men uthuset hennar 15 meter ved sida av,
fekk eit stykke av hjørnebordet flekt vekk, ifølgje Sogn Avis.
I hagen hennar er det djupe spor etter steinblokka, som også har slått hol i gang- og sykkelvegen før den landa på riksvegen. Til alt hell vart heller ingen bilar trefte av steinen.
Geolog på staden
Folk i nabolaget Kløvi forlet folk husa sine og samla seg i trygg avstand frå
den massive steinen. Kommunen sine folk og Mesta kom snøgt til. Vegen vart
avstengt og det kommunale vassnettet sikra, fortel Sogn Avis.
Ein geolog inspiserte staden tysdag kveld, og konkluderte med at folk kunne bli i husa sine. Geologen var oppe på slepp-punktet til steinblokka, og konstaterte at det berre var snakk om den eine steinen