Formannskapet i Jølster gjekk tysdag samrøystes inn for ny barnehage i Langhaugane. 144 barnehageplassar skal stå klare i 2012.
– No blir Jølster ein betre plass for born, seier ordførar Gerd Dvergsdal, som reknar med at saka går gjennom i kommunestyret i april.
– Alt tyder på at arbeidet kan starte i desember i år. Etter planen står nybygget ferdig til bruk i januar 2012. 144 håpefulle skal då under same tak.
Kommunen har fått orden på økonomien, og dermed er det rom for borna.
Trur budsjettet held
– No kan vi fase ut dei midlertidige løysingane vi har levd med i det siste. Førsteprioritet har vore å få eit godt barnehagebygg.
Ordføraren trur budsjettramma på 41 millionar kroner vil halde.
– Det er eit faktum at Jølster kommune i dei seinaste byggjeprosjekta ikkje har gått på sprekkar.
Fleire tilsette?
Dvergsdal trur at ein samla barnehage vil gjere det enklare å utnytte personalet i framtida, men at kommunen nok tilsetje fleire.
– Det er slett ikkje usannsynleg. Mange som berre nyttar barnehagetilbodet eit par–tre dagar i veka, vil utvide timetalet til ungane, seier Dvergsdal som er nøgd etter eit par år med diskusjon om ny barnehage, og eit vedtak som gjekk gjennom utan forandringar.
Den gamle kommunale barnehagen i Langhaugane kan bli lagt ut for sal, men dette er usikkert, seier Dvergsdal.