...
STX permitterer 25 tilsette. Foto: Bent Are Iversen

STX permitterer i Florø

25 nye må gå

Publisert 09.03.2010 kl 10:54 Oppdatert 09.03.2010 kl 10:54

Tips ein venn på e-post:


Trass i kraftig nedbemanning, må skipsverftet i Florø permittere 20–25 tilsette, uvisst kor lenge.

– Vi får inn ein del dokk-jobbar, men det er førebels ikkje nok til å sysselsetje dei 50 operatørane vi har igjen, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad ved STX Norway Florø AS.

Vanskeleg overgangsfase

Permitteringane er sette i verk medan verftet står ved ein skiljeveg. I morgon vert den siste kjemikalietankaren i serien på seks, «Stolt Breland», døypt i Florø, og måndag skal båten etter planen forlate verftet.

Les også: Slutt på skipsbygging i Florø

Dette skjer samstundes med at bedrifta er i ferd med å avslutte ei kraftig nedbemanning, frå over 300 eigne tilsette på topp til 60 i dag, der røyrleggjarar, maskinfolk, platearbeidarar og sveisarar utgjer kring 50 av dei som er igjen.

Lettare å få arbeid enn sist

Hovudtillitsvald Audun Grønnevik seier at det har vore ein krevjande oppseiingsprosess, der ein har prøvd å finne den rette balansen mellom krav til kompetanse, ansiennitet og alder.

– Sjølv om einskildpersonar naturlegvis er skuffa, har det ikkje vore mykje støy. Vi har hatt eit godt samarbeid med verkstadklubben, seier Bollestad.

Både direktøren og tillitsmannen meiner det har vore lettare å skaffe seg nytt arbeid no, i høve til 2003 då kring 600 vart oppsagde i Florø og Førde.

– Eg var ikkje her den gongen, men bortsett frå på verftet, er det god aktivitet i Florø for tida, seier Kjetil Bollestad.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.