...
Bjørn Harald Haugsvær vil ha større breidde i KrF, og vil opne dørene for homofile og muslimar i partiet. Fylkesleiar Trude Brosvik seier nei til vedkjenningsparagrafen til partiet. Foto: Svein Heggheim

Vil inkludere homofile og muslimar i KrF

Meiner dette er viktig for å vise breidda i Kristeleg Folkeparti.

Svein Heggheim
Svein Heggheim Profil E-post
Publisert 08.03.2010 kl 15:35 Oppdatert 08.03.2010 kl 15:44

Tips ein venn på e-post:


Bjørn Harald Haugsvær meiner Kristeleg Folkeparti i framtida må finne rom for å inkludere homofile og muslimar i partiet.

- Mitt råd er å vise fram breidda i KrF. Berre på den måten kan vi einast om eit KrF i sentrum. I framtida må partiet finne rom for å inkludere homofile og andre som deler vårt verdigrunnlag, til dømes muslimar, sa Haugsvær under strategidebatten på helgas fylkesårsmøte på Skei.

Utspelet hans vart følgt opp av fylkesleiar Trude Brosvik, som meiner det er feil å stengje personar ute dersom dei ikkje aksepterer vedkjenningsparagrafen.

- Vi har ein føremålsparagraf i KrF, det bør vere godt nok. Det viktige er at dei tillitsvalde har lojalitet til grunnsynet i partiet og til den vedtekne politikken, sa Brosvik.

Dette vekte sterke reaksjonar hos fleire.

Signy Nyland påpeikte at trusvedkjenninga ligg der så lenge partiet heiter Kristeleg Folkeparti.

- Eit parti i strid med seg sjølv kan ikkje lykkast, sa veteranen Erlend Fagermoen.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.