Straumkabel rusa ut av båten og hamna på 1270 meters djupne i Sognefjorden.
| Publisert 08.03.2010 kl 13:05 Oppdatert 08.03.2010 kl 15:44 |
Harstad-firmaet Seaworks AS starta før helga arbeidet med å leggje ut 9,1 kilometer sjøkabel i Sognefjorden på oppdrag for BKK.
Kabelen skulle strekkje seg frå Måren til Nordeide i Høyanger for å frakte straum ut av den veglause grenda Måren.
Nesten framme
Rundt klokka eitt natt til laurdag gjekk noko gale, og kabelen rusa ut av
båten.
- Det skjedde eit uhell, då heile jobben nesten var gjort. Det var rundt to kilometer igjen til vi var framme på Nordeide då kabelen rasa ut. Heldigvis vart ingen personar skadde, opplyser administrerande direktør Oddvar Rundereim i Seaworks AS.
Prislappen på straumkabelen og legginga av den er ti millionar kroner.
Selskapet har no sett i gang undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd, og kor mykje av kabelen som er festa i Måren som eventuelt kan bergast.
- Vi vil vurdere å ta opp ein god del av kabelen. Rundt 7,5 kilometer var ferdig lagt, og det var rundt to kilometer med kabel som rasa ut. Vi må snakke med kabelprodusenten for å finne ut kor mykje som kan bergast, seier Rundereim.
- Første gong
Onsdag skal dei ha møte med BKK for å vurdere den vidare framdrifta.
Rundereim reknar med at det vil gå ei veke eller to før dei har fått
rekonstruert kva som gjekk gale.
- Vi har lagt fleire hundre sjøkablar, og det er første gong noko slikt har skjedd, seier han.
Prosjektansvarleg Espen Hammersland ved BKK er usikker på kor mykje uhellet vil forseinke arbeidet med å frakte straum frå Måren Kraftverk.
- Det kan bli snakk om nokre månader, seier Hammersland,
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt