...
Ordførar Arne Sanden i Lærdal. Foto: Eirik Granes

Overraska over nedlegginga

Lærdals-ordførar Arne Sanden: - Vi får ei utfordring om det går som styringsgruppa vil

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 05.03.2010 kl 13:03 Oppdatert 05.03.2010 kl 15:44

Tips ein venn på e-post:


Lærdal- ordførar Arne Sanden hadde ikkje venta styringsgruppa sitt framlegg på dagens dialogmøtet i Førde om eit sentralsjukehus og nedlegging av lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal.

– Overraska

-Eg er overraska over det som kjem fram i dag, innleia Sanden då han stod på talarstolen under møtet som går føre seg i Førde no.

Ordførarane fekk 1 time til å seie sitt til om styringsgruppa i Helse Førde sitt framlegg til ny sjukehusmodell

– Vi må ha klargjort kva slags helsetilbod vi skal ha i fylket, og eg håper det blir klargjort i den kommande prosessen. Behovet for endringar er nemleg til stades, streka ordføraren over.

-Når eg seier at eg er overraska over framlegget, så har det med at eg naturlegvis har hatt forventingar til at vi skal kunne oppretthalde dei spesialisthelsetenestene ved Lærdal sjukehus- også etter at prosessen var gjennomført. Men eg ser at styringsgruppa legg opp til noko anna, seier Sanden.

– Ei utfordring

Han fortel at han helser samhandlingsreforma velkommen, men vil ikkje seie ja takk til at Lærdal mister spesialisthelsetenestene i Lærdal.

– For oss blir det ei utfordring om det blir som styringsgruppa vil, streka Lærdals- ordføraren under.

Helle: Håpar Helse Førde får køyre opplegget

Arve Helle, ordførar i Fjaler, Førde-ordførar Nils Gjerland og Eid- ordførar Sonja Edvarsen og Roger B. Silden i Vågsøy kommune har så langt vore på talarstolen for å seie sitt til helseministeren og dei andre frammøtte i salen.

-No ventar eg at Helse Førde får køyre opplegget sitt og at det ikkje blir for mykje innblanding frå staten. Det har vi dessverre sett litt for mykje av tidlegare, seier Arve Helle.

Dette sa dei andre ordførarane:

Nils P. Støyva, ordførar i Stryn: – Det vi får framlagt i dag til den aktuelle sjukehusmodellen, er ikkje nok. Vi treng meir kjøt på beina for å seie ja og amen til dette, sa Støyva.

Jølster- ordførar Gerd Dvergsdal sa med glimt i auget at dei er glade for at dei i alle fall får behalde ambulansetenesta i kommunen, og streka under at Jølster no håper på samarbeid med HAFS- kommunen med tanke på samhandlingsreforma.

Aud Kari Steinsland, ordførar i Askvoll, rosa styringsgrupper for arbeidet dei har gjort.

– No må dei berre få all støtte for å gjennomføre prosessen, sa Steinsland.

Einar Målsnes, ordførar i Balestrand meiner geografi ligg i botnen for svært mykje av motstanden mot endringane.

– Men den akutten beredskapen er til stades når vi har ambulansetenesta, så eg er glad for at dagens ordning i ambulansetenesta blir som den er, sa Målsnes og la til:

– Men vi må også ta med oss at Sogn og Fjordane er ein liten del av Norge AS. Vi er på storleik med Åsane og Bærum, så det bør vi tenkje på når vi krev ein del av kaka, sa Målsnes.

Nærleiken til fødetilbod er viktig for Årdal, understreka Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal frå talarstolen, medan Torodd Dyrnes, ordførar i Luster, sa noko ironisk at framlegget frå styringsgruppa var noko spenstig. Naustdal sin Håkon Myrvang på si side, rosa arbeidet som har blitt gjort frå styringsgruppa.

– Med tanke på den akutte utstyrssituasjonen, er det moglegheit å få eit ekstraordinært tilskot til sjukehusutstyr? Det var spørsmålet som Gaular sin ordførar Jenny Følling kom med til helseministeren.

– Å sjå for seg at vi skal greie oss utan eit sterkt sentralsjukehus, vil setje helsetilbodet til folk i fylket minst 30 år tilbake i tid, sa Følling og viste til kor viktig det er med robuste helsetenester.

Frå Gloppen kom Anders Ryssdal. Han streka under at han hadde meir spørsmål knytt til sjukehusmodellen, enn bastante meiningar.

Eit av spørsmåla var knytt til økonomi: -Så lenge vi får nok å hjelpe oss med, så er det utruleg kva vi får til, sa Ryssdal og la til at han håper at prosessen i tida framover blir så ryddig som råd er.

– Eg oppmodar ordførarane og andre om at vi held tunga beint i munnen, elles blir det ikkje ein ryddig prosess, sa ordføraren frå Gloppen.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.