...
Klokka åtte fredag morgon vart det halde allmøte for dei tilsette ved dei tre sjukehusa i fylket, der leiinga i Helse Førde presenterte sitt framlegg til ny strategiplan for føretaket. Biletet er teke frå allmøtet ved Førde sentralsjukehus i dag tidleg. Foto: Bent Are Iversen

Dramatiske sjukehusomleggingar

Dei tilsette ved sjukehusa vart informert klokka åtte.

Helge Johnsen
Helge Johnsen Profil E-post
Publisert 05.03.2010 kl 08:27 Oppdatert 05.03.2010 kl 15:51

Tips ein venn på e-post:


Klokka åtte i dag vart det halde allmøte ved både Førde sentralsjukehus og lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Der presenterte leiinga i Helse Førde sitt framlegg til ny strategiplan for føretaket.

Planen legg etter det Firda har grunn til å tru opp til grunnleggjande endringar i sjukehusstrukturen. Truleg blir det lagt fram fleire alternativ. Eitt av desse kan ventast å gå ut på omlegging av dei to lokalsjukehusa i retning av distriktsmedisinske senter, med sterkare samling av spesialistfunksjonane ved Førde sentralsjukehus.

Statsråden

Klokka 10 startar etter planen dialogmøtet der statsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap) møter ordførarar og fylkespolitikarar frå heile fylket, og der også toppleiinga i Helse Vest blir til stades. Her blir strategien og omstillingstiltaka for Helse Førde hovudtema.

Første punkt på dagsorden er at statsråden skal snakke om omstilling og samhandling.

Klokka 10.30 presenterer styreleiar Clara Øberg og nestleiar Jorunn Ringstad Helse Førdes høyringsutkast til strategi og omstillingstiltak.

Ordførarane

Etter lunsj blir det ein og ein halv times dialogmøte med ordførarane i fylket, med KS-fylkesleiar Olav Lunden som møteleiar.

Deretter møter statsråden aksjonsgrupper som kjempar for høvesvis Nordfjord sjukehus, Lærdal sjukehus og Førde sentralsjukehus, før ho dreg til Førde sentralsjukehus for besøk og omvising.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.