Men treng hjelp av kommunen for å skape fest for dei under 18 år
Sommarfesten i Førde som har samla opp til 3200 deltakarar som laurdagsarrangement, tek sikte på vidareutvikle seg i retning av ein fullverdig festival.
Neste steg på vegen er å ta i bruk fredagen til ein alkoholfri fest for ungdom under 18. Dei har til no vore utstengde frå den populære festen som også har etablert seg som eit fast "komme heim"-arrangement for utflytt ungdom.
Støtte frå kommunen
Men det kostar å gå utvide til to dagar. Arrangørane opererer med eit budsjett for fredagen på vel 200 000 kroner, og for å komme i land økonomisk søkjer dei Førde kommune om eit tilskot på 25 000 kroner. Då er det rekna med eit å selje 800 billettar til ein pris på 150 kroner.
Ei nasjonal gruppe
Arrangørane tek sikte på høg kvalitet med tanke på musikk, tryggleik og trivsel. Tanken er at publikum skal få oppleve minst eitt av dei beste nasjonale banda, i tllegg til dei beste frå fylket.
Ei eiga arbeidsgruppe med minst to representantar for den aktuelle ungdomsgruppa jobbar med uformininga av arrangementet saman med eigarane og teknisk arrangør.
Talentkonkurranse
Det vert lagt opp til talentkonkurranse der arrangørane vil søkjer samarbeid med Malakoff Rockfestival og NRK Sogn og Fjordane, går det fram av søknaden som er sendt Førde kommune.