Slik fekk Firda- elevane inn pengar til jordskjelvoffera i Haiti
– Pytt, det er berre hår, lær jølstringen Kjetil Andreas Nydal. Rockaren gjorde som seks medelvar og ein lærar ved Firda vidaregåande skule: Ofra ein elles fyldig hårmanke for jordskjelvoffera på Haiti.
Veddemål
– Og i løpet av få dagar skal resten bort, seier gitaristen i hardrockbandet «Nifrost».
Nydal var ein av dei sju som inngjekk veddemålet som vart fullbyrda i går.
Seks elevar og ein lærar let nemleg håret falle framfor ein nær fullsett Aula ved Firda vidaregåande skule i går. Dei lovde å ofre håret viss Nora Sårheim sin private innsamlingsaksjon gav over eit visst beløp. Ein av dei sju sette grensa på 1000 kroner, medan den som verdsette sitt eige hår høgast sette grensa på 18 000 kroner.
Samla inn over 20.000
– Vi fekk inn over 20. 000 kroner, og dermed måtte alle sju til pers, seier Sårheim.
– Eg har spart hår sidan 1. klasse og hadde bestemt meg å barbere hovudet før eg visste om innsamlingsaksjonen. Dermed var det liten tvil om at eg vart med, seier mannen som kanskje ofra den lengste hårmanken, 3. klassingen Arild Norevik Vie.
Også han elev ved musikklinja. Han er dessutan medlem i Førde-bandet «Fire Frodige Frø Frå Førde Fjorden». Eit band som i den nærmaste framtid stiller med langt tynnare hårmanke. For også Olai Førsund medlem i bandet, og som Arild ofra han håret for det begge meiner er ei god sak.
– Sporty innstilling, seier kvinna bak innsamlingsaksjonen, Nora Sårheim. Også ho elev ved musikklinja.
Pengane til Røde Kors
– Søstera mi gjorde noko liknande i fjor. Og då eg bestemte meg for å starte denne aksjonen visste at av Olai og Arild hadde planar om snauklipping når skuleåret var over. Dermed kom ideen, og gjett om eg var glad då så mange stilte opp, seier Sårheim.
Inntil i går hadde aksjonen gitt 20 079,50 kroner, men ho hadde i går ikkje oversikt over kor mykje som kom inn etter hårfallet. Bøssene var nemleg i sving også i går.
– I løpet av kort tid blir pengane overført til Røde Kors. Då veit eg at dei blir brukt til føremålet, og dei kjem garantert godt med, seier Nora Sårheim.