...
Leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre, Aleksander Nygard Åsnes vil at fleire ungdommar gjer seg ferdig med vidaregåande skule. Foto: Privat

1 av 4 elevar droppar ut av skulen

Og verst er det på yrkesfag på dei vidaregåande skulane. No krev ungdomsparti tiltak.

Publisert 04.03.2010 kl 09:41 Oppdatert 04.03.2010 kl 09:42

Tips ein venn på e-post:


Berre 3 av 4 av elevane som tek til på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane i 2003 har fullført vidaregåande utdanning innan i fjor.

- For dårleg jobb

21 % av elevane fullførte ikkje utdanninga. Det viser tall frå Statistisk sentralbyrå. No krev Unge Venstre handling.

– Fråfallsprosenten held seg på same nivå som for tre år sidan. Det er skremmande at ikkje gode tiltak for å redusere utviklinga er komme i gong. Det er gjort ein for dårleg jobb, seier leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre, Aleksander Nygard Åsnes i ei pressemelding.

Verst i yrkesfag

– Fråfallet er størst i yrkesfaga. Det er alt for mange døme på klassar der meir enn halvparten av elevane sit att ved årsslutt. Dette må takast fatt i, seier Åsnes

Unge Venstre meiner styrking av rådgjevartenesta og mindre teori på yrkesfag er to viktige tiltak for å gjere den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane betre.

Kostar 1 milliard

– Fråfallet kostar samfunnet ein milliard kroner i året. Tiltak som vil redusere drop-out prosenten, kan dermed føre til mindre utgifter for det offentlege som igjen kan investerast i andre gode tiltak for å lage ein god skule, seier Åsnes

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.