– Trur det er mykje GHB blant ungdom i fylket

FØRDE: Politiet har gjort sitt første beslag av GHB i Førde. Elevar ved Øyrane vidaregåande trur det er mange som no testar ut det nye partydopet.
Publisert 28.02.2003 kl 17:33 Oppdatert 06.03.2003 kl 13:05

Tips ein venn på e-post:

Frå venstre:  Dan Asp, Asbjørn G.Klausen, Tore Klausen Aven og Oddgeir Muledal trur det er fleire jenter som dopar seg enn gutar, og at jentene er lettare å påverke.
Frå venstre: Dan Asp, Asbjørn G.Klausen, Tore Klausen Aven og Oddgeir Muledal trur det er fleire jenter som dopar seg enn gutar, og at jentene er lettare å påverke. Foto: Mari Bergum Kalrud

Dette er GHB:

  • GHB (gammahydroksybutyrat) er eit av dei nyaste narkotiske stoffa. Det er syntetisk og blir framstilt ved å blande kaustisk soda og industrikjemikaliet gammabutyrolakton.
  • Stoffet vert omsett som tablettar, kvitt pulver eller på flasker, som ei gjennomsiktig væske.
  • Stoffet påverkar den delen av hjernen som styrer hjarte- og lungefunksjonen.
  • Effekten av GHB er svært uberekneleg. Same dose kan vere ufarleg, men like gjerne dødeleg. Stoffet er ekstremt giftig og det finst ingen motgift.
  • Du kan lese om GHB på Sosial- og helsedirektoratet sine internettsider.

Tore Klausen Aven (18) frå Askvoll, Oddgeir Muledal (17) frå Solheimsdalen, Dan Asp (17) frå Florø og Asbjørn G Klausen (16) frå Førde trur at det er mange som rusar seg med GHB her i fylket.

– Særleg skjer det på store festar og samankomstar som natt til 1. mai og liknande, meiner Tore.

Dei fire gutane som går på Øyrane vgs seier dei ikkje har høyrt så mykje om GHB. Likevel veit dei at stoffet er svært farleg.

– Vi har aldri blitt tilbydd GHB og vi veit ikkje konkret om nokon som har brukt det heller, fortel dei.

– Kvifor trur de då at stoffet er i ferd med å etablere seg blant dei unge her?

– Fordi det stadig kjem folk utanfrå til byen vår, særleg i samband med store arrangement og hendingar. I dag flyttar folk til Førde frå alle stader i landet, seier ungdommane.

Dei meiner det er naivt å tru at byen Førde ikkje vil oppleve dei same problema som andre byar har når det gjeld dop.

Dei trur det er sjølvsagt at det finst folk som driv med GHB og anna dop i Førde og elles i Sogn og Fjordane.

– Hasj er det mange som driv med.  I Florø er det meir utbredt med Ecstasy enn GHB, trur Dan.

Tore kan fortelje at han har fått tilbod om både hasj og ecstasy i Sunnfjord. Både han og dei andre meiner det er veldig lett å få tak i dop om ein ønskjer det.

Nei til dop¿

Gutane er alle einige om ein ting, dei seier nei til dop. Adjektiv som teit, dårleg og gale vert brukt for å skildre når vi spør kva dei tykkjer om å bruke narkotika.

– Det er ikkje nødvendig å dope seg for å ha det artig på fest, seier Asbjørn.

– Men faren er jo at nokon kan blande det i drikka vår utan at vi veit det, legg han til.

¿ men ja til alkohol

Men når det kjem til alkohol er protestane langt mindre blant gutane.

– Alkohol er heilt greitt, meiner dei alle, og fortel om drikkepress på skulen. Det er snakk om å drikke veldig ofte, seier gutane.

– Men presset kjem først og fremst frå eigne venner, meiner Oddgeir.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.