Ein mann frå Indre Sogn må sone 36 dagar i fengsel etter å ha blitt målt til 170 km/t i ei 80-sone i februar.
Den lokale UP-patruljen i Sogndal hadde tatt oppstilling på Kaupanger tidleg på ettermiddagen, måndag 8. februar.
I kontrollen skreiv politipatruljen ut to forenkla førelegg for høg fart. For den tredje som vart stoppa, venta ei langt strengare straff.
170 km/t – meir enn det doble av fartsgrensa på staden, fekk politiets operasjonssentral til å ta i bruk sterke ord om den 45 år gamle bilføraren si framferd:
– Galematias. Vi har ikkje vegar her i landet til så høg fart, korkje på sommar- eller vinterføre. Beklageleg, men det også godt at bilisten vart teken, uttalte operasjonsleiaren som var på vakt.
Reagerer sterkt gjer også Sogn tingrett som i ein tilståingsdom no har dømd mannen til fengsel utan vilkår i 36 dagar. Domfelte mistar også retten til førarkort i 31 månader, og må ny førprøve før han igjen kan kalle seg bilførar.