Sondre Kåfjord stiller no som motkandidat til Yngve Hallén, som er valkomitteens forslag.
Kåfjord fekk ikkje støtte til ein ny periode, og har no meldt seg som motkandidat til Yngve Hallén, i kampen om fornya tittel som fotballpresident.
Fotballpresidenten har no komplettert si forslagsliste over kandidatar han ønskjer som visepresidentar og medlemmer i styret, og ynskjer blant andre forfattar Erling Fossen som ein av sine kandidatar skriv BA.no
Forfattaren Erling Fossen er foreslått vald inn for Frigg Oslo. Han har brei erfaring frå klubben, og er samstundes kjend som ein aktiv samfunnsdebattant. I tillegg til Fossen ønskjer Kåfjord Gunn Heidi Henriksen frå Bossekopp Ungdomslag i Alta, og Tom Edvardsen Frå IK Start.
Kåfjord ønskjer også at noverande styremedlemmer Anders Eggen og Roger Halberg held fram dersom han blir vald på nytt.
Visepresidentkandidatane Kåfjord ønskjer er Lena Ingelsrudøya frå Lillestrøm og Stig Nergård fra Sunndal, Skriv BA.no