Mannen i 20-åra som er sikta for oppbevaring av GHB, er ein kjenning av politiet.
Åtvarar
Politiet ønskjer å åtvare mot dette rusmiddelet, som er relativt nytt i våre område.
– Vi har lite erfaring med stoffet, men vi veit at det er reell helsefare forbunde med bruk av GHB, seier Rødland.
GHB er eit anestesimiddel, og brukt som rusmiddel er det sjølvsagt farleg. Ei brukardose ligg vanlegvis på mellom 5 og 7 milliliter.
For to veker sidan vart to menn i 20-åra innlagt på Sentralsjukehuset i Førde etter bruk av GHB.
– Vi har ingen indikasjonar på at det finst meir av stoffet i Høyanger, seier Rødland.
Likevel ser politiet det som sannsynleg at det er meir GHB i fylket enn det som er beslaglagt.