– Badinga tek knekken på gikta

– Å det er herleg, seier Eirene Bauge (55) når ho kastar seg ut i sjøen. Magnhild Fristad (60) og Hilde Haugland (56) plaskar uti rett ved sida av. Dei tre har lunsjpause og sitt daglege bad.
Ingunn Osland
Ingunn Osland Profil E-post
Publisert 08.02.2003 kl 06:00 Oppdatert 28.02.2003 kl 12:22

Tips ein venn på e-post:

Alle tre jobbar på Askvollheimen i Askvoll. Så sant dei er på jobb samstundes, nyttar dei lunsjpausen til eit bad i sjøen.

Får dei ikkje mogelegheit saman i lunsjpausen, tek dei eit bad kvar for seg om ettermiddagen.

– Eg er sikker på at det er sunt, seier Hilde.

Aldri sjuke
Kvar dag sidan byrjinga av september har dei tre damene bada i sjøen.

Dei hevdar bestemt at det ikkje er kaldt.
– Det er faktisk berre fint. Det følest ikkje kaldt i det heile, seier Magnhild.

Likevel er det kaldare no enn det har vore tidlegare.

– Ikkje sånn at vi kvir oss, men det er greitt å vere i rørsle ute i vatnet, seier Eirene.
Dei legg til at vatnet er kaldast i februar og mars. Temperaturen ligg på rundt 4 grader.

– Eg er overbevist om at dette er sunt. Tidlegare har eg vore litt giktisk, men etter at eg begynte med dette har eg vore heilt fin, seier Hilde.

– Dette er absolutt å anbefale. Eg føler meg meir opplagt enn før, og det er ikkje tvil om at det er ei herleg kjensle å komme opp av vatnet og kjenne blodet bruse i kroppen, seier Eirene.

Vilje og humør
Havfruene får Askvoll kosar seg i vatnet, og på veg opp for å finne kleda sine har dei ein liten snøballkrig. Latteren sit laust, og det er tydeleg at dette ikkje berre er kjekt, men også moro.

– Vi har det heilt flott. Dette er ein fin måte å nytte lunsjpausen på, seier Magnhild.

– Den dagen vi hugsar best er nok veslejulaftan. Då hadde vi raude nissehuer, og vi hadde med peparkaker og kosa oss, seier Eirene.

Kollegaene på Askvollheimen reagerer ulikt på dei tre fruene sine pauseaktivitetar.

– Nokre seier vi er galne, andre er litt misunnelege og seier dei godt kunne tenkt seg å vere med, seier damene.

Nokre har prøvd seg på å vere med, men det vart litt for kaldt for dei.

– Det er ikkje tida til å begynne no. Men for dei som vil vere med neste vinter er det berre å setje i gang frå sommaren av, seier Magnhild.

Og med det humøret og badegleda som desse tre damene utstrålar kan dei freiste nokon og ein kvar til å vere med.

HERLEG Hilde Haugland t.v. Eirene Bauge og Magnhild Fristad kosar seg med eit friskt bad i lunsjpausen i Askvoll. BRUSANDE BLOD Vel på land etter dukkerten er det tid for påkledning. Det er ei fantastisk kjensle å kle på seg varme ullplagg og kjenne blodet bruse i kroppen etter eit bad seier Eirene Bauge. Ja og så tek badinga knekken på gikta seier Magnhild Fristad og Hilde Haugland.


På forsiden nå


Dagens avstemming

Har du kontroll på vikepliktsreglane?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1049

...

Går av som leiar

Nyhende Ulikt syn på vegval Les meir

...

Vil ingen overta oss?

Nyhende Sjølv i dei to sterkaste landbrukskommunane trengst motiveringstiltak Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.