Norgesmeister viste sine kunstar med motorsaga.
Torsdag inviterte skogbrukarlaga i distriktet til årets skogdag, med ein norgesmeister i motorsag som trekkplaster.
– Motorsag er jo macho. Det er noko med oss menn og motorsager. Vi blir litt gira når vi står med ei i hendene, seier Jon Erik Solberg, norgesmeister i motorsag.
Norgesmeisteren brilijerte med sine sagkunster under temadagen, men skulle samstundes ha fokus på verneutstyr og årets tema for Skogdagen: tryggleik i skogbruket.
I tillegg til å halde motorsag-show for dei vel 70 frammøtte, demonstrerte Solberg difor trygg fellingsteknikk, og korleis ein skal unngå skader når ein arbeider i skogen.