Allsongfaktoren var høg då Norges nye supergruppe framførte hitane Ambitions og Sometimes.
Torsdag kveld spelte Donkeyboy for ein fullsett konsertarena på Meieriet i Sogndal under Veka 2010.
Over 500 hadde kjøpt billett for å få med seg eitt av dei mest populære banda i Norge for tida.
Frå publikum til stades på konserten vert det rapportert om høgt trykk og stor stemning frå ei gruppe som leverte hit-låtar på løpande band.
Spesielt stor var stemninga då radiohitane Ambitions og Sometimes vart framført.