...
SONG FOR BORN: 3. klasse ved Førde barneskule fekk æra av å avslutte støttemarkeringa i Førdehuset med ein song. Foto: Astrid Iren Solheim

450 støtta asylborna sine rettar

Markering i Førdehuset måndag kveld

Publisert 16.02.2010 kl 08:25 Oppdatert 16.02.2010 kl 08:25

Tips ein venn på e-post:

...
Elevar frå vgs. på Øyrane, Hafstad og Mo og Jølster hadde apell til dei frammøtte i Førdehuset.

Måndag kveld viste den humanitære aksjonen «Barna Først» at dei står bak Ilda (8) Atmana (16), Rabisa (18) og Jawana (14), som alle har fått avslag på asylsøknadene sine etter mange år i Førde.

Mange underskrifter

Dei frammøtte i kinosalen markerte engasjementet for dei fire jentene og alle andre asylborn i Norge gjennom den halvannan time lange støttemarkeringa.

Den nystarta aksjonen «Barna Først» krev at barna sine rettar skal komme i fremste rekkje når norske styresmakter vurderer asylsøknader.

Fire døme på at dette ikkje har blitt gjort, er asylsøkjarjentene i Førde, meiner aksjonsgruppa som også har mange andre med seg. For reaksjonane har vore sterke etter at jentene den siste tida har fått avslag på asylsøknadene sine, sjølv om dei har vore i Førde i mange år og er sterkt knytte til byen.

Fleire tusen støttespelarar

Og i Førdehuset var engasjementet stort: elevar frå Hafstad vgs., Mo og Jølster vgs. og Øyrane vgs. har samla inn 400 underskrifter i eit opprop om at Norge må følgje FN sin barnekonvensjon i asylspørsmål. Underskriftene skal leverast til statsministeren.

I tillegg hadde fire elevar frå skulane møtt fram for å halde appell. Det same gjorde Nils Gjerland, ordførar i Førde.

Margrethe Henden Aaraas leidde den nær fullsette kinosalen gjennom programmet som stod av appellar, danseinnslag, song og musikk.

Etterpå gjekk dei frammøtte i fakkeltog i Førde for å markere det brennande engasjementet.

I tillegg til at appellen frå aksjonsgruppa samla mange underskrifter i går kveld, har også Facebook-gruppa til aksjonen på kort tid samla 2027 medlemmer.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.