– Partiet kan ikkje seie nei til alt, meiner Jølsters Einar Gautefall.
Haldningane til kraftutbygginga vart eitt av dei første tema under Sogn og Fjordane SVs årsmøte, som no går føre seg på Sandane.
Einar Gautefall (Jølster SV) protesterte i starten av årsmøtedebatten mot at fylkespartiet skal leggje seg på ei line som seier nei til alle utbygging.
– Småutbygging må vere både rett og viktig for å skaffe ny fornybar energi. Og kva vil SV jobbe for, når det gjeld fornybar energi. Vil vi jobbe for meir vindkraft, må vi seie det, sa Gautefall.
Åtvara
Carlo Aall i SVs fylkesstyre åtvara sterkt mot ei slik line:
– Ingen veit i dag kva som er summen av utbyggingspresset av småkraft. Det talar for stogg i slik utbygging, til vi veit kva vi driv med, sa han.
– Så lenge vi har ein politikk som ikkje gjer noko med forbruket, spring vi industrien og vekstfilosofiens ærend, dersom vi går inn for å byggje ut meir fornybar energi, sa Aall.
Også fylkespolitikar Norvall Nøringset markerte seg som skeptikar.
– Problemet er at det ikkje ligg føre nokon samla plan. Då får vi situasjonen der ein vil byggje ut dei finaste fossane, slik fleirtalet i fylkesutvalet gjekk inn for, mot røystene frå SV og Venstre, sa Nøringset.