...
Administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane og banksjef Ingar Valvik i Fjaler Sparebank i Dale onsdag føremiddag. Foto: Bent Are Iversen (MMS-foto)

Stor bankfusjon i Sunnfjord

Tradisjonsrik bank går inn i Sparebanken Sogn og Fjordane

Sigurd Løseth
Sigurd Løseth Profil E-post
Publisert 10.02.2010 kl 09:18 Oppdatert 10.02.2010 kl 13:05

Tips ein venn på e-post:

...
Denne banken går no inn i Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Hilde Genberg

Styra i Fjaler Sparebank og Sparebanken Sognog Fjordane tilrår ei samanslåing av dei to sparebankane. Føremålet er å styrkje den samla konkurransekrafta i Sogn og Fjordane.

Kl. 9.00 i dag tidleg vart det sendt ut ei børsmelding om samanslåinga.

Større musklar

Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å vidareutvikle og auke verksemnda til Fjaler Sparebank og byggje opp eit fullskala finanshus i Dale.

Det vil ikkje bli oppseiingar som følgje av samanslåinga, går det fram av børsmeldinga.

Fjaler Sparebank har 21 tilsette med hovudkontor i Dale og med kontor i Bergen. Forvaltningskapitalen er på 1 212 millionar kroner med eigenkapital på 106,5 millionar. Resultatet etter skatt for 2009 var 10,7 millionar.

Sparebanken Sogn og Fjordane har 304 årsverk og 21 kontor i Sogn og Fjordane, og eitt i Bergen.

Her kan du lese Sparebanken Sogn og Fjordane sitt resultat.

Eiga stifting

Avtalen går ut på at Sparebanken Sogn og Fjordane overtar alle eigedelane og pliktene til Fjaler Sparebank.

Det vert etablert ei stifting, Sparebankstiftinga Fjaler, som skal fremje sparebankverksemd i distriktet gjennom å eige eigenkapitalbevis og disponere overskot i stiftinga til allmennyttige formål, mellom anna støtte av idrett, kultur, organisasjonsliv og andre samfunnsnyttige oppgåver lokalt.

Betalar 128,8 mill.

Sparebanken Sogn og Fjordane betalar 128,8 millionar kroner for Fjaler Sparebank.

Av vederlaget vil 106,5 millionar kroner vere i form av utsteding av eigenkapitalbevis i Sparebanken Sogn og Fjordane. 22,4 millionar kroner blir gjort opp i kontantar. Stiftinga vil motta fullt utbytte for grunnfondsbevisa sine for regnskapsåret 2010.

Sak for forstandarskapen

Samanslåinga må vedtakast av forstandarskapsmøta som skal avviklast innan 12. mars 2010. Ei avtale om samanslåing må godkjennast av Finansdepartementet og Finanstilsynet. I tillegg må Konkurransetilsynet ikkje stille vilkår som vesentleg endra avtalen mellom partane, går det fram av børsmeldinga

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.