- Dette har vore populært her i alle år.
Med ein drill borar Arnstein Madsen hol i isen på Bergheimsvatnet på Breim.
Føremålet er å sleppe ut gassen som ligg under isen.
Sjå også biletserien Iskalde bilete
- Opp av isen stig det metangass, som vert danna av ting som ligg og rotnar under isen, forklaren Madsen.
Når han tenner på lighteren over holet i isen, får han eit eksplosivt resultat.
- Gassen tek fyr og flammar opp når eg set fyr på den. Dette er noko dei har gjort her i alle år. Ei populær tidtrøytte, kan du seie, fortel Madsen.
Han er klar over at det ikkje er heilt ufarleg, og at det er avgjerande å trekkje seg raskt bort etter at gassen har teke fyr.
- Eg kjem ikkje frå bygda sjølv, men har fått innføring i denne aktiviteten av sambuaren min, seier Madsen.