...
Elevane på mellomsteget ved Fjærland skule ynskjer seg rektor. Bak frå venstre Ingunn Supphellen, Hege Mundal, Anne Mari Mundal og Gøril Resaland Skeide. Framme frå venstre Svein Kristian Restad, Aleksander Heimlid Bøyum, Odd Atle Rauboti, Vegard Skeide og Kari Sunniva Waatevik. Foto: Eivind Ødegård

Desse elevane søkjer rektor

Rektorlaus skule lokkar med garanti om trivsel.

Publisert 09.02.2010 kl 11:37 Oppdatert 09.02.2010 kl 14:10

Tips ein venn på e-post:


Elevane på mellomsteget ved Fjærland skule har sjølve teke initiativ for å få rektor til skulen.

- I Fjærland har vi alt utanom folk. Her finst det jobb, hus til utleige, barnehageplass og masse aktivitetar for born og vaksne, skriv Anne Mari Mundal i 6. klasse, mens Kari Sunniva Waatevik lovar at alle vil bli tekne godt imot.

Leie av stadige skifte
Bakgrunnen for initiativet til elevane er at dei vanlege utlysingskanalane ikkje har gitt resultat. For etter to offisielle utlysingar er skulen framleis rektorlaus.

Skuledagen vert påverka av at det ikkje er rektor på skulen, og lærarar og vikarar må stadig steppe inn.

- Vi er leie av stadig skifte av lærarar og vikarar, seier Svein Kristian Restad til Sogn Avis.

Stillinga ved skulen er i utgangspunktet eit vikariat, og elevane meiner dette gir høve til å prøve ut kva ein synest om jobben og bygda.

Sikre på trivsel
Ein ting dei er heilt sikre på, er at eventuelle tilflyttarar vil trivast i bygda. Eit rikt organisasjonsliv for alle aldrar og sentral plassering med korte pendlaravstandar vert trekt fram av elevane.

- Vi har mykje som ikkje finst andre stader, til dømes bremuseet og bokbyen, seier Ingunn Supphellen.

Kontaktlærar for klassen Eivind Ødegård, som opphavleg er frå Valdres, er samd med elevane si skildring av bygda.

- Det er plass til nyskapande næringsliv her i bygda. Folk torer å tenkje annleis, og det er høgt under taket for nye idear. Det er ein av grunnane til at vi flytte hit. Mentaliteten og samhaldet her var noko som lokka oss, fortel Ødegård.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.