Lokallag i Arbeidarpartiet stiller krav
Balestrand Arbeidarparti ber om at alle dokument og rapportar om Ubåt-saka frå hausten 1972 blir gjort offentleg.
- Det løyndomsfulle og nærmast mystiske ved denne saka er i ferd med å skade Forsvaret. Den politiske leiinga i Forsvarsdepartementet si avvisande haldning til å sleppa ut informasjonar gjer saka vanskeleg for partiet, heiter det i ei fråsegn frå årsmøtet i partiet 8. februar.
I media på nytt
Partiet grunngir kravet med at ubåtsaka frå 1972 igjen har dukka opp i media, og skriv vidare:
- Framleis lever det menneske som er sikre på at dei såg ein ubåt i Vangsnes/Kvamsøyområdet hausten 1972. Desse melde frå om observasjonane sine. Det blei sett i gong ein omfattande militær aksjon, med verdspressa til stades.
Tida inn
- Vi meiner at tida no er inne for å gå ut med all informasjon om denne affæren. Det er snart 40 år sidan hendingane fann stad. Alt tilseier at dokument kan nedgraderast. Dersom vi skal ha tillit til Forsvaret, er det viktig at det vanlege menneske sine observasjonar blir tatt alvorleg. Mange menneske i vårt området opplevde at det blei sett spørsmålsteikn ved deira observasjonar. Dette kan avbøtast med full offentleggjering av tilgjengelege dokument, skriv Balestrand Arbeidarparti i fråsegna.