Unge og vaksne i Førde med støttemarkering.
Sjå lesarane sine bilete av fiskefangstar sesongen 2010. Klikk her dersom du har bilete du vil sende.
Sjå biletserie| Publisert 09.02.2010 kl 08:30 Oppdatert 09.02.2010 kl 10:13 |
- Vi kan ikkje godta at Norge bryt FNs barnekonvensjon i asylsaker.
Det meiner ei gruppe unge og vaksne i Førde, som arrangerer ei støttemarkering i Førdehuset.
Avslag i Førde
Gruppa krev at norske styresmakter må ta omsyn til bornas rettar i samsvar med
FNs barnekonvensjon, når dei vurderer asylsøknader, og viser til
barnekonvensjonen sin del 1, artikkel 3, der det mellom anna står at barnets
beste skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar som vedkjem barn.
Gruppa peikar på at det i Førde er fleire barn som den siste tida har fått avslag på asylsøknader, trass i at dei er etablerte i lokalsamfunnet og har ei sterk tilknyting til landet.
- Desse avgjerdene kan umogleg vere i samsvar med omsynet til barna sitt beste, meiner Førdegruppa.
Støttemarkeringa i Førdehuset blir skipa til måndag 15. februar, og mange vil delta med kulturinnslag i form av song, dans og opplesing.
Større aksjon
I tillegg blir det appellar med informasjon om den generelle stoda for mange
asylsøkjarbarn i Norge i dag.
Det blir høve til å signere på eit generelt opprop til norske styresmakter, og på opprop som gjeld konkrete saker i Førde.
Etter markeringa blir alle invitert til å delta i fakkeltog gjennom byen.
Ifølgje gruppa er dette starten på ein generell aksjon som dei har gitt namnet «Barna først». Aksjonen blir i desse dagar kjent via internett på nettsida www.barna1.no.
Lokaltipset Det har ikkje vore mogeleg å tippe lokaltipset denne runden. Dette grunna ein teknisk svikt. Les meir
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Dei ti siste innlegga | ||
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt