Ein bilist kan vente seg eit opphald bak lås og slå - og lang periode som fotgjengar - etter å ha køyrt forbi ein fartskontroll i 170 km/t måndag ettermiddag.
Råkøyringa fann stad på riksveg 5 på Kaupanger, der UP hadde tatt oppstilling i 80-sona.
Resultatet av kontrollen får politiet til å hente fram sterke ord:
- Galematias. Vi har ikkje vegar her i landet til så høg fart, korkje på sommar- eller vinterføre. Beklageleg, men det også godt at bilisten vart teken. Det vil verta oppretta sak, seier Dag Øyen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Sogn Avis si nettutgåve.
I ei 80-sone vert førarkortet normalt kverrsett ved 116 km/t. Frå 131 km/t er normalt også kvalifisert for fengselsstraff utan vilkår. Med 170 km/t på UP sin laser, kan vedkommande dermed truleg vente seg eit opphald innanfor murane, i tillegg til bot og eit lengre periode utan førarkort.
I den same kontrollen på Kaupanger fekk to andre bilistar forenkla førelegg for høg fart.