...
Tor Leif Mongstad var dagleg leiar i Havyard Electric Systems. Han skal no konsentrere seg om jobben som leiar for divisjonen for skipsutstyr i Havyard Group. Arkivfoto Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Havyard sel aksjemajoritet i nykomling

Havyard Group sel seg ned i dotterselskap etter eit halvt års drift.

Ivar Myklebust Longvastøl
Ivar Longvastøl Profil E-post
Publisert 08.02.2010 kl 20:05 Oppdatert 08.02.2010 kl 20:40

Tips ein venn på e-post:


Havyard-gruppa eig 100 prosent av aksjane i skipsverftet i Leirvik i Sogn.

Havyard Electric Systems vart etablert i fjor sommar for at konsernet skulle få kontroll på elektriske motorar til framdrift og drift av propellar.

Aksjar til ny dagleg leiar

No sel konsernet 65 prosent av aksjane til den nye daglege leiaren Jan Berg og andre nøkkelpersonar.

Selskapet endrar samstundes namn til Norwegian Electric Systems AS.

Jan Berg har base i Bergen og selde for ei tid sidan Scandinavian Electric Systems til Rolls Royce.

Ventar raskare utvikling

Havyard Group sit igjen med 35 prosent av aksjane og vert ein rein finansiell investor.

- Norwegian Electric Systems er en kunnskapsbedrift der verdien av selskapet og evna til å oppnå resultat er avhengig av motiverte tilsette med sterk kjernekompetanse, heiter det i ei pressemelding frå informasjonsdirektør Gunnar Larsen og divisjonsleiar Tor Leif Mongstad.

- Gjennom denne transaksjonen vil vi sikre eigarskap og engasjement og ventar enda raskere utvikling og betre resultat, uttalar dei vidare.

Mongstad ut som dagleg leiar

Tor Leif Mongstad gjekk tidlegare av som verftsdirektør ved Havyard Leirvik og over i ny stilling som leiar for divisjonen for skipsutstyr i Havyard Group. Han er ein del av konsernleiinga med kontorstad i Fosnavåg på Sunnmøre.

Han har fram til no også vore dagleg leiar for Havyard Electric Systems, men skal heretter konsentrere seg om jobben som divisjonsleiar.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.