Parkerer ulovleg og skapar farlege situasjonar i trafikken
Sjå lesarane sine bilete av fiskefangstar sesongen 2010. Klikk her dersom du har bilete du vil sende.
Sjå biletserie|
Sigurd Løseth
E-post
|
|
| Publisert 08.02.2010 kl 15:24 Oppdatert 08.02.2010 kl 15:25 |
- Slik parkering skapar farlege situasjonar, seier bussjåfør Martin Olav Senneset i Firda Billag. Han tok biletet i halv tre-tida ein dag i førre veke, då han skulle hente skuleborn ved Førdehuset.
Nedover langs heile den einvegskøyrde utkøyringa frå Førdehuset stod personbilar parkerte. Trass i to skilt som fortel at parkering er forbode på dagtid (kl. 08.00-15.00), og at høgre fila er merka med "buss" i asfalten. Bilane stod dels opp på fortauet.
Trafikkfarleg
- Bussane blir nøydde til å parkere midt i vegen. Ungar må springe mellom bilar og ut i vegbana. Andre bilar som skal utfrå Førdehuset eller parkeringsplassen, kjem ikkje forbi. Dette er trafikkfarleg og hindrar flyt i trafikken, seier Senneset.
Han trur bilmengda tyder på at det har vore eit eller anna arrangement i Førdehuset, men det er ikkje første gong han opplever slik feilparkering, konstaterer sjåføren som håpar bilistane skjerpar seg og respekterer skiltinga.
Sperra område
Leiar i Førdehuset, Liv Judith Straume, stadfestar at feilparkering er eit problem i forhold til bussane. Det gjeld også oppstillingsplassen i svingen, som til og med er merka med skråstilte striper for å fortelje at det er sperra område.
Ein av konsekvensane er at større køyrtøy ikkje klarar svingen, fortel Straume.
Få klager
Førdehuset får få klager på feilparkering. Straume er forundra over at ikkje fleire klagar når det er vanskeleg å komme seg fram.
- Folk finn seg på ein måte i korleis andre parkerer. Tolmodet er av og til imponerande, seier Straume som registrerer også at enkelte parkerer langs vegen sjølv om det er ledig på parkeringsplassen. Truleg skuldast det tankeløyse, meiner ho.
Bussane slit
- Vi ser inn i mellom at bussjåførane slit. Difor prøve vi på dagtid, når det skjer mykje i Førdehuset, og følgje litt med når skulebussane er innom. Det skjer fleire gonger for dagen.
- Når skulane er slutt, er det fullt av bussar heile vegen nedover mot Angedalsvegen. Står ein bil feilparkert, så øydelegg den heile oppstillingsplassen. Då må bussen stå midt i vegen, om den i heile tatt kjem seg forbi, og den sperrar dei som står inne på parkeringsplassen.
Lokaltipset Det har ikkje vore mogeleg å tippe lokaltipset denne runden. Dette grunna ein teknisk svikt. Les meir
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Dei ti siste innlegga | ||
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt