Sjå kor mange millionar Førde fekk i overskot.
Førde kjem ut med rekordoverskot i 2009. Prognosane viser eit overskot på 33 millionar kroner.
- Eit flott resultat, som betyr at vi kan ta inn att dei 12 millionane vi tapte i fjor, seier ein letta og glad ordførar, Nils Gjerland
- No blir det vel fest i kommunen..?
- Fest og fest. Dette er ein behageleg situasjon å vere i. I fjor var vi bekymra for korleis vi skulle handtere økonomien framover. No har vi ressursar til å byggje oss opp att.
Rente og fond
Hovudforklaringa på det gode resultatet er det låge rentenivået. Innsparinga på renteutgiftene er heile 17,7 millionar kroner.
- Vi vågde ikkje kalkulere med så låge renter som vi fekk, konstaterer Gjerland.
I tillegg hadde kommunen svært god gevinst på dei plasserte midlane i aksjar og fond, med ein gevinst på 16,3 millionar kroner - ni millionar meir enn budsjettert.
Betre drift
I haust ropte rådmannen varsku om eit kraftig overforbruk i mange avdelingar. Det endelege resultatet viser eit overforbruk på 4,3 millionar kroner (utanom vatn, avløp og renovasjon). Fleire av eningane har betre resultat enn det rapportane viste som prognose.
- Vi har bra kontroll på budsjettstyringa, seier ordføraren.
Bufferfond
- Overskotet gjer at kommunen no kan byggje opp att bufferfondet, og indeksregulere kapitalen for å forsvare posisjonen med dei reservane vi har. Eg meiner vi også må diskutere eit rentereguleringsfond, slik at svingane rente ikkje slår direkte inn i drifta.
- Kommunen har mykje gjeld, og økonomien er sårbar om rentene stig. Eitt prosentpoeng opp betyr sju millionar kroner ekstra i utgifter på kommunebudsjettet.
Ekstraordinært
- Vi må sjå på 2009-resultatet som noko ekstraordinært. Gevinsten på den plasserte kapitalen er så stor at du kan lure på om det er sunt. Mitt ønskje er at vi skal tenkje mest mogeleg langsiktig og dra fordelane av det store overskotet med oss inn i dei etterfølgjande åra, seier Gjerland.
Han kan også sjå føre seg at nokre av midlane vert brukte på planlagde investeringar for å redusere låneopptaka.
Tabbe
I fjor var det mykje støy rundt kommunen si pengeplassering på rundt 100 millionar kroner i aksjar, fond og andre verdipapir. Ikkje minst var Arbeidarpartiet kritisk etter at verdiane skrumpa inn som følgje av finanskrisa, og krav til innsparingar i drifta melde seg for fullt.
- Vi åtvara sterkt mot å gå ut medan aksjekursar og verdiar var på eit lågmål. Vi kan ikkje sjå pengeplassering i eit kortsiktig perspektiv. Hadde vi gått ut for eitt år sidan, ville det vore ein skikkeleg tabbe, seier Gjerland.
Han meiner det kan vere mange måtar å forvalte kapital på, men åtvarar mot å handle i panikk.
Ei langsiktig investering kan vere å bruke ein del av midlane på å byggje rådhus, i staden for å ha dei i verdipapir, seier han.