Kunstverk med 15 meter lang tunnel gjennom fjellet
| Publisert 04.02.2010 kl 13:43 Oppdatert 04.02.2010 kl 14:29 |
Nasjonale turistvegar har kåra dette bidraget som vinnaren av konkurransen om kunst på Gaularfjellet. Dette er ein del av prosjektet Nasjonl turistveg, som Gaularfjellet er ein del av.
Klart i 2011
Tre kunstnarar blei i fjor sommar inviterte til å levere inn forslag til kunst på Gaularfjellet gjennom ein lukka konkurranse.
Jan Freuchen sitt bidrag med arbeidstittel ”Bakevje” vart vald av juryen som det mest interessante prosjektet å gjennomføre ved Nystølshaugane.
– Om alt går som planlagt kan kunstverket stå klart i løpet av 2011, fortel Grete Huus, lokal koordinator for Nasjonale turistvegar i Sogn og Fjordane til firda.no
15 meter lang tunnel
Freuchen sitt forslag er ein betongskulptur plassert ganske nær riksvegen, men konstruksjonen framstår ikkje som iaugefallande i det ein passerer, den er nesten ikkje synleg over jorda, meiner juryen.
Kunstfiguren er utforma med betongfasade med eit stort grønskimrande glas, eit skilt og ein inngong som leier inn til ein 15 m lang passasje gjennom fjellet.
Gjennom glasruta ser ein berre jord, stein og gras i haugen bak. Passasjen leier gjennom haugen, og når ein stig ut i andre enden er kjem ein rett ut i naturen.
Tunnelen blir ein passasje og ein invitasjon til å oppleve naturen på en ny måte, melder Nasjonale turistvegar.
Kunst og utkikspunkt
Juryeringa fann stad på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde 6 og 7 januar, der utkasta også blei presentert som ei utstilling som stod fram til 31 januar.
Det vil også komme eit utkikspunkt på Gaularfjellsvegen, men denne har ikkje berre fått lovord.
Les også: For sterk kost i fjellheimen
Også Aurlandsfjellet får eit kunstverk, men vinnarutkastet er ikkje presentert enno.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt