...
Fylkesleiar Torbjørn Vereide i AUF Sogn og Fjordane. Foto: Privat

- Kyrkja bør slette alle under 30 år

Ung Arbeidarpartiet-leiar ber kyrkja om å rydde opp i medlemsmassen.

Svein Heggheim
Svein Heggheim Profil E-post
Publisert 04.02.2010 kl 08:58 Oppdatert 04.02.2010 kl 09:03

Tips ein venn på e-post:

Medlemsskap i kyrkja

Synest du alle under 30 år bør slettast som medlemmer i kyrkja?

Ja
Nei
Usikker

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 238


Fylkesleiar Torbjørn Vereide i AUF Sogn og Fjordane meiner alle under 30 år bør slettast frå kyrkja sine medlemsregister.

20-åringen reiser debatten under helgas fylkesårsmøte i AUF, og dersom innspelet får fleirtal er han klar til å fremje saka til fylkesårsmøtet i moderpartiet.

- Eg synest det er synd viss fleire hundre tusen nordmenn er medlem i ein klubb dei ikkje føler dei høyrer heime i, verken fysisk eller psykisk. At det er slik skuldast i stor grad at det er så vanskeleg å melde seg ut, at berre eit fåtal tek dette initiativet, seier Vereide til Firda i dag.

Kva synest du? Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

Samstundes som alle under 30 år bør slettast frå medlemsregistera, meiner AUF-leiaren at det bør etablerast ei nettside eller ei SMS-teneste der dei som vil vere medlem i statskyrkja kan melde seg inn.

Vereide peikar på at kyrkja har stor ideologisk makt i kraft av at dei har mange medlemmer.

- Dersom kyrkja veit at dei som er medlemmer er det fordi dei aktivt har sagt ja til det, meiner eg det vil gje kyrkja større identitet, seier Vereide.

Grensa på 30 år har han føreslått som eit utgangspunkt for å drøfte prinsippet.

- Men dei under 30 år han dterer digitale medium problemfritt, og kan dermed bruke nettet til å melde seg inn, seier Vereide.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.