Sogn og Fjordane stilte med rekordmange bedrifter og aktørar for å lokke heim utflyttarar. 180 kjende og ukjende gjester møttest for ein karriereprat. Sjå kven som kom.
Første stopp for næringslivsmessa til Framtidsfylket og næringslivet i Sogn og Fjordane var Oslo. Snart går turen til Bergen og Trondheim.
Måndag kveld møtte kring180 gjester på Hotel Royal Christiania for å snakke karriere.
37 bedrifter og aktørar
Blant bedriftene som stilte med stand, var mellom anna SFE, NVE, Innovasjon Norge, PSWinCom, Elis, Yndestad gard og mange fleire.
Kjendisar
Av dei meir kjende gjestene og aktørane, var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete, fylkesordførar Nils R. Sandal, stortingspolitikar Bjørn Lødemel, NRKs Frode Søreide, banksjef Arvid Andenæs, Fjaler-ordførar Arve Helle og Gulen-ordførar Trude Brosvik, for å nemne nokon.
– Fleire bedrifter enn venta!
Dei unge gjestene kosa seg med tapas, talkshow og mykje næringslivsprat.
– Her var fleire bedrifter eg ikkje visste eksisterte, smilte Linda Kristin Tomasgard. Ho studerer i Bergen, og tok turen til messa i Oslo for å sjå kva som rører seg av moglegheiter i heimfylket.
Også Lasse Melver Giil frå Florø synest messa var ein god stad å møte venner, sjølv om han ikkje var ute etter ny jobb.
– Kjekt å høyre att dialekten, sa 26-åringen, som jobbar som turnuslege i Oslo.
Midt blant alle dei store
Inn i mellom store bedriftsnamn på messa, hadde representanten for Yndestad gard slege seg ned.
Med store grøne plakatar, var familiebedrifta Yndestad gard i Fjaler likevel godt synleg i havet av store bedrifter og samfunnsaktørar som NVE, Sunnfjord Energi og sparebankane.
– Eg er her åleine. Eg er her ikkje fordi vi har så mange arbeidsplassar å tilby, men fordi eg ønskjer å vise oss fram og skaffe kontaktar, forklarte Nina Yndestad (32).
Ser lyst på 2010
Garden, som har gått i familiearv i 200 år, tilbyr m.a. konferanselokale, husing av ulike arrangement, matoppleving, overnatting og vakker natur ved Yndestadvatnet i Guddal.
– Dei siste åra har vi for alvor satsa mot turisme og utleige av lokale. Vi har bygd nytt servicebygg med dusj, solarium, sauna og toalett, mellom anna.
Ved å knytte kjennskap og kontakter på næringslivsmessa, håpar ho at familiebedrifta etter kvart kan vere mogleg å leve av.
– Eg ser lyst på 2010. Vi har mange store bestillingar inne framover, smilte Yndestad.