...
Drikk litt vin før dåpen, så blir borna rolegare i kyrkja, er rådet til ammande mødre frå sokneprest Carsten Wind Hansen i Høyanger. Foto: Astrid Iren Solheim

Ber ammande drikke vin før dåpen

Soknepresten i Høyanger vil ha rolegare babyar i kyrkja.

Publisert 01.02.2010 kl 11:54 Oppdatert 01.02.2010 kl 11:54

Tips ein venn på e-post:

Vin før dåpen

Kunne du tenkt deg å følgje rådet til soknepresten i Høyanger?

Ja
Nei
Kanskje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 529


Sokneprest Carsten Wind Hansen i Høyanger gir ammande mødre råd om å drikke litt vin før dåpen, slik at borna blir rolegare i kyrkja.

- Det viktige for meg er at folk får ei god oppleving under dåpen. Ein moglegheit då er at mor drikk litt alkohol og ammar barnet på førehand, seier Carsten Wind Hansen i Høyanger til VG i dag.

Kva synest du om rådet til soknepresten? Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

Han legg til at rådet kanskje er mest for foreldra sin del, for at dei ikkje skal vere nervøse og heller få ei god oppleving i kyrkja.

- Eg meiner sjølvsagt ikkje at ein skal drikke mange glas, men ein kan vurdere å drikke litt alkohol dagen i førevegen, seier soknepresten som kjem frå Danmark.

Han ser samstundes at rådet hans vert oppfatta som uvanleg å få frå ein prest, men etterlyser eit meir avslappa forhold til alkohol i Norge.

- I Danmark var det i gamle dagar vanleg at ein amma med litt alkohol for å roe borna. Dette er eit gammalt kjerringråd, som det nok er vanskelegare å følgje i Danmark enn i Norge, seier soknepresten, og fortel at han og kona sjølv har prøvd kjerringrådet med hell.

Legar som VG har vore i kontakt med er skeptiske til rådet frå presten, og det vert blant anna vist til at Helsedirektoratet har strenge tilrådingar om å unngå all alkohol før seks veker etter terminen.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.