Elevar frå fylket gjorde det skarpt i nasjonal konkurranse
Nyleg gjekk elevar frå fylket nesten til topps i NM i gründercamp som gjekk av stabelen i Trondheim 27. – 29. januar.
Laget frå Sogn og Fjordane var samansett av elevar frå Flora, Hafstad og Øyrane vidaregåande skule.
Laget gjorde det skarpt og enda til slutt opp blant dei 6 beste av totalt 27 deltakande lag.
Dette innebar også at dei måtte fram å presentere idéen sin for juryen, leiinga i Ungt Entreprenørskap nasjonalt og for alle dei andre deltakarane på campen.
Idéen deira gjekk ut på å gjere all energi som vert produsert av treningsapparat om til elektrisk straum. Gruppa førebudde seg godt, bruke alle dei 24 timane i døgnet, laga ein god forretningsplan og vart plukka ut til finaleheatet. Vinnaren kom frå Sør Trøndelag og hadde ein idé om eit energieffektivt hus.
Arrangementet er i regi av Ungt Entreprenørskap i samarbeid med ENOVA og har fokus på fornybar energi og løysingar for å effektivisere energibruken, melder Eivind Husabø I Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.