Danske fekk trøbbel på svingete og smale vegar
| Publisert 20.01.2010 kl 12:00 Oppdatert 20.01.2010 kl 12:15 |
Ein dansk sjåfør har i nær to timar sperra riksveg 615 i Hyen, om lag 5 km frå Hyen i Brekka retning Storebru.
Bilen fekk trøbbel onsdag morgon og blei ståande minst ein time før ein bergingsbil kom til staden, opplyser Hans Yndestad som er på staden no.
Fleire bilar snudde på grunn av vogntoget, men det stod også ein del bilar i kø.
– Sjåføren kom seg opp den første svingen, men mista all fart til den neste svingen. Og der stod han bom fast, seier Yndestad til firda. no.
Etter at vogntoget nyleg fekk på kjettingar, greidde sjåføren å komme seg laus utan hjelp frå bergingsbilen.
- Så no har problemet løyst seg endeleg, seier ein letta Yndestad som var på veg til Hyen då han blei ståande i kø.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt