...
Anne Viken meiner Firda driv med "grøftekantjournalistikk". Foto: Karin Flølo

– Smått forbanna på Firda

Kallar oppslag for "grøftekantjournalistikk"

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 18.01.2010 kl 14:06 Oppdatert 18.01.2010 kl 14:16

Tips ein venn på e-post:


– Eg vart ganske sjokkert då eg såg denne saka om eg skal vere ærleg, og mange som var på debatten har i dag tatt kontakt og sagt at dei synest det er synd at saka er til dei grader køyrt ut av dimensjonar.

"Grøftekantjournalistikk"

Dette skriv Anne Viken på kommentarfeltet på Origo-sona Fjordaglimt om dagens oppslagssak i Firda.

Les og sei di meining her: – Dundrande sure, kjipe og treige

Her skriv Firda om Viken som under eit debattmøte i Førde fredag gjekk hardt ut mot Senterpartiet, målrørsla og bunadseliten.

Men gaulværingen er alt anna enn nøgd med måten saka blir framstilt på. Ho kallar artikkelen for "grøftekantjournalistikk " og meiner det framstiller avisa som eit "nekmedie."

– Frå ein journalistisk ståstad ristar eg på hovudet. Det som kunne ha blitt ei interessant sak, har blitt tidenes mest tabloide. Forståeleg nok. Kven andre serverer slike sitat? Alle som kjenner meg veit at eg serverer slike sitat høgt og lågt i hytt og pine om alt og alle, det er ein talemåte som har komme på trykk, skriv Viken.

Meiner Viken må kutte ut personangrep

Utsegna har skapt debatt på Fjordaglimt. Her får ho både støtte og motbør frå fleire debattantar.

Sambygdingen Helge Kårstad meiner «tendensiøs “negativt” preik nyttar faktisk ikkje over tid», medan Aud Lunde på Sande, meiner Viken heller bør flytte heim og tilføre kompetanse. Medan ein annan debattant meiner Viken må kutte ut personangrepa ho driv.

- Smått forbanna

Men Mister Green, som han vel å kalle seg på Fjordaglimt, er på si side einig med Viken.

– No har eg lese litt på bloggen til Anne Viken og eg må sei at no er eg smått forbanna på Firda! Eg er så lei av journalistar/redaktørar som berre må forvrengje den verkelege historia, akkurat som om det er helt nødvendig for å selje aviser!? Skulle nesten tru at Se&Hør er det store forbildet" skriv Mister Green.

Anne Viken skriv også at ho er «dundrande lei av å bli mistyda og tolka i alle verdas villaste retningar, slik eg stadig blir» og at ho har eit saftig språk som ho har tenkt å halde fram med.

Mest lese no

...

Stengde hotell på dagen

Nyhende Branntilsynet: – Sjeldan at vi krev stenging på dagen. Les meir

...

Sogndal tok sigeren

Fotball Spelte treningskamp mot Fyllingsdalen klokka 14.00. Les meir

...

Rektor melder politiet

Nyhende Meiner dei har brukt for lang tid i etterforskinga. Les meir

...

Trugar staten med rettssak

Nyhende 420 kV-linja kom som ei bombe på innbyggjarar. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.