Rolf Årdal er tilsett som dagleg leiar i Firda Media AS.
- Eg gler meg. Eg ser på det som ein spennande bransje og ein spennande organisasjon, seier Årdal.
43-åringen er busett i Førde og kjem frå stillinga som rektor ved Øyrane vidaregåande skule.
Han er utdanna lektor/hovudfagskandidat frå Høyskolen i Buskerud, og har tidlegare hatt leiarstillingar som marknadssjef og avdelingsleiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane. Årdal er også styreleiar i Sunnfjord næringsråd.
I ansvarsområdet som mediehusleiar inngår også Firdaposten, Nordhordland, Kvinnheringen og Hardanger Folkeblad.
- Eg vurderer jobben som ei stor og spennande utfordring. Eg har ikkje erfaring frå innsida av mediabransjen frå før, så det er fornuftig å starte med å gjere seg kjent med bransjen og dei ulike avisene, seier Årdal.
Kor tid han skal begynne i den nye jobben vil bli avklart i løpet av januar.
Årdal tek over stillinga etter Tore Dvergsdal, som sluttar i Firda Media AS 1. februar for å begynne som direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde.