...
Ordførarane Jarle Aarvoll (t.v.), Bente Frøyen Steindal og Nils P. Støyva har skrive ein felles uttale om Fjord1.

Ordføraropprop om framtida til Fjord1

Ønskjer styrking av selskapet i Sogn og Fjordane fordi nabofylket vil selje seg ut.

Publisert 13.01.2010 kl 11:27 Oppdatert 13.01.2010 kl 11:47

Tips ein venn på e-post:

Selskapa i Fjord1

  • Fjord1 Fylkesbaatane
  • Fjord1 MRF
  • Fjord1 Sogn billag
  • Fjord1 Nordfjord og Ottadalen billag
  • Fjord1 Mørebil
  • Fjord1 Transport
  • Fjord1 Service

Ordførarane Bente Frøyen Steindal (Flora), Jarle Aarvoll (Sogndal) og Nils P. Støyva (Stryn) har sendt ein felles uttale til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved fylkesordførar Nils R. Sandal.

Bakgrunnen for brevet er at Møre og Romsdal fylkeskommune vil selje sin eigardel i Fjord1 på 41 prosent.

Med bakgrunn i at Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av selskapet, meiner dei tre ordførarane at det no må startast ein prosess der stillingar som vert ledige og kan flyttast frå Møre og Romsdal vert oppretta i Sogn og Fjordane.

- Det er då naturleg å styrke dei miljøa som allereie er i fylket, sjøsida i Florø og bussida i Stryn og Sogndal, skriv dei tre ordførarane, som også meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune bør vurdere å kjøpe aksjane til Møre og Romsdal.

Ordførarane meiner det er spesielt viktig at sentrale leiarstillingar og kompetansestillingar framover vert lokalisert i Sogn og Fjordane.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.