...
Arkivfoto. Foto: Arne Stubhaug

Hestemøk irriterer

Publisert 11.01.2010 kl 10:16 Oppdatert 11.01.2010 kl 11:51

Tips ein venn på e-post:


Førde kommune har i den seinare tid motteke klager på at det ligg hestemøk på gang- og sykkelstiar i sentrumsområdet i byen.

Kommunen sender difor ut ei oppfordring til hesteeigarar og ryttarar om å vise omsyn.

Ingen reglar for bøter

Ferdsel i det offentlege rom tilseier at den einskilde pliktar å rydde etter seg, det vere seg boss, hunde- og hestemøk eller ting ein har med seg ut i naturen, påpeikar koordinator for miljøretta helsevern, Doris Rutledal.

I politivedtektene til Førde kommune heiter det at «eigar pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden let etter seg».

Derimot er det ikkje innført reglar for bøter dersom nokon ikkje ryddar etter hesten, opplyser Rutledal.

- Burde ikkje vore eit problem

Ho reknar med at dei fleste irriterer seg over hestemøk på gang- og sykkelstiar, spesielt på våte- og mørke dagar der tilgrising av sykkel, klede og barnevogner vert eit problem.

Kommunen vil ta initiativ til eit oppslag som hesteeigarar og eigarar av gardsbruk kan nytte som oppmoding til dei som rir hestane i sentrumsnære område.

– Vi håpar dette kan vere løysing på noko som ikkje burde vere eit problem, skriv Doris Rutledal.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.