...
Illustrasjon Foto: Arne Stubhaug

Oppdrettarane: - Skikkeleg optimisme

No er folk ute etter pels igjen.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 08.01.2010 kl 11:00 Oppdatert 08.01.2010 kl 14:03

Tips ein venn på e-post:


Etter fleire dårlege år for pelsdyroppdrettarane, ser det no ut til å snu.

Ifølgje Firda Tidend, har enkelte skinnsortar ein prisoppgang på 30 prosent.

Marknader spør etter blårev igjen

– Det ser ikkje ut til at pelsnæringa er blitt særleg råka av finanskrisa, seier leiar i Fjordane pelsdyralslag, Vidar Heggheim, som før jul fekk ein peikepinn på prisutviklinga gjennom desemberauksjonen i Helsingfors.

Han seier til avisa at blårevskinn har fått eit kraftig løft samanlikna med tidlegare. Mange marknader spør etter blårev igjen.

Mink held seg stabilt, som den har gjort i fleire år. Sølvrev trur han stagnerer.

- Helst ikkje for stor oppgang

Også Atle Roger Evebø, som har eit av dei nyaste pelsdyrgardane i regionen, seier han likeins med pelsdyralslag-leiaren er positiv. Men han ønskjer ikkje noko stor oppgang på sikt. Det kan nemleg føre til overetablering igjen, seier han til Firda Tidend.

Akjonane har øydelangt, meiner Heggheim

Leiaren i Fjordane pelsdyralslag, Vidar Heggheim, trur likevel at alle aksjonane mot næringa har vore øydeleggjande.

– Talet på pelsdyroppdrettarar er redusert dei siste åra. Det er trist, meiner han.

Han seier alle demonstrasjonane har gjort det vanskelegare å drive med pelsdyr.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.