...
Hjort skoten på Askrova med fiskenot vikla inn i geviret hadde eit ekstra gevir i nota. Foto: Henning Haugholt

- Har gått rundt slik i eitt år

Skaut hjort med fiskenot i geviret og eit ekstra gevir i nota.

Eirik Grane
Eirik Grane Profil E-post
Publisert 18.12.2009 kl 15:12 Oppdatert 18.12.2009 kl 16:09

Tips ein venn på e-post:

...
Jens Anders Midtbø skaut hjorten med ei not i geviret rundt klokka 10.30 fredag. Foto: Henning Haugholt

Hjort med fiskenot i geviret

...

Hjorten som vart skoten på Askrova hadde ei fiskenot i geviret og eit ekstra gevir vikla inn i nota

Sjå bileta

Fredag føremiddag vart det skote ein hjort med ei fiskenot vikla inn i geviret på øya Askrova i Flora. Hjorten har gått rundt med nota i geviret i minst eitt år.

Ti minutt etter jaktstart
- Allereie i fjor vart det observert ein hjortebukk med ei not i geviret her på øya. Men det var ingen som såg noko meir til bukken før han dukka opp på bøane igjen no i år, seier Henning Haugholt, som er med i jaktlaget på valdet Sunde.

Ingen i jaktlaget hans hadde sett hjorten i år, før den dukka opp på valdet deira fredag føremiddag.

- Ti minutt etter vi starta jakta var bukken skoten av Jens Anders Midtbø, seier Haugholt, som var med som drivar under dagens jakt.

Ekstra gevir i nota
Han fortel at det var fullt av fiskenot vikla inn i geviret til hjorten. I tillegg hang det eit ekstra gevir i nota.

- Vi trur det må vere geviret frå i fjor som hang igjen i nota, seier Haugholt.

Han fortel at dyret var magert og bar preg av at den ikkje har hatt det spesielt godt.

I stuss om geviret
Alle jegerane på Askrova hadde fått beskjed av viltforvaltar Magnus Frøyen om å skyte hjorten dersom dei kom over den for å spare den for vidare lidingar.

Haugholt fortel at geviret til hjorten hadde seks taggar, mens geviret som hang i nota hadde ti.

Det har fått jaktlaget til å lure på om det er ein returbukk dei har skote, eller om geviret kan stamme frå ein annan hjort som har vore i kamp med dyret som hadde nota i geviret.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.