...
Fire sterke menn kom til for å hjelpe kvinna med parkeringsfloken. Foto: firda.no-tipsar

- Kva skal eg gjere no?

Fortvilande parkeringsfloke for kvinne som berre skulle gjere ferdig julehandelen og komme seg heim.

Eirik Grane
Eirik Grane Profil E-post
Publisert 18.12.2009 kl 12:19 Oppdatert 18.12.2009 kl 12:27

Tips ein venn på e-post:

...
Med hjelp frå dei fire sterke mennene fekk kvinna bilen sin i posisjon slik at ho kunne få den ut av parkeringsplassen. Foto: firda.no-tipsar
...
Slik stod bilen til ei kvinne sperra inne på ein parkeringsplass i Førde sentrum fredag føremiddag. Foto: firda.no-tipsar

Fredag føremiddag opplevde ei fortvila kvinne å bli låst fast på ein parkeringsplass i Førde sentrum. Då ho kom til bilen sin, oppdaga kvinna til sin store frustrasjon at ein annan bil stod parkert slik at det var umogleg for henne å komme seg ut.

- Kvinna kom fortvila inn i butikken der eg jobbar rundt klokka 10. Ho skulle berre gjere seg ferdig med julehandelen og komme seg heim igjen, men då ho kom ut til bilen var ho sperra heilt inne av ein annan bil, fortel ein firda.no-tipsar.

Ho legg til at det var mange ledige parkeringsplassar å velje mellom for den som hadde sperra bilen inne på parkeringsplassen.

- Det gjekk over ein halv time før kvinna fekk hjelp til å løyse problemet. Då kom det fire sterke menn som løfta bilen hennar i posisjon slik at ho kom seg inn i bilen og fekk rygga den ut av parkeringsplassen, seier firda.no-tipsaren.

Det høyrer også med til historia at eigaren av den andre bilen dukka opp like etter. Kva som vart sagt mellom dei to kvinnene veit ikkje firda.no-tipsaren.

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.