Storslått kyrkjekonsert med amatørar og proffar
Tilhøyrarane i ei fullsett kyrkje reiste seg spontant og klappa då den nesten to timar lange framføringa av «Juleoratoriet» i Førde kyrkje var slutt søndag kveld.
Julebodskapen som drama
«Juleoratoriet» er eit stort løft for tilskiparane, Førde kammerkor. Dei framførte verket sist i 2002, då med dei tre første kantatane.
Dei seks delane i «Juleoratoriet» fortel om julebodskapen frå det gjekk ut eit bod frå keisar Augustus og fram til dei tre vise menn kom til Jesusbarnet med gull, røykjelse og myrra.
– Bach kalla det eit oratorium fordi det fortel ei dramatisk historie og utgjer ein heilskap, fortel dirigent og tilretteleggjar Asbjørn Flåm.
Proffar og amatørar
Førde kammerkor var forsterka med tidlegare medlemmer til dei to framføringane i Førde laurdag og i Eid Operahus søndag.
Tre av solistane, sopran Ann-Margrit S. Silvferhielm (Gloppen), mezzosopran Christine Marøy (Førde) og baryton Bjørn Gisle Seter (Sogndal) er distriktsmusikarar i fylket. Forteljar og tenor Mathias Gillebo er student ved Operahøgskolen i Oslo.
Orkesteret var sett saman av lokale amatørar og profesjonelle musikarar frå Sogn og Fjordane og frå filharmoniske orkester i Bergen og Oslo.
- Veldig gøy
Proffane kom på si første øving i Førde fredag kveld, eit døgn før premieren.
– Det har vore veldig gøy, og dei lokale amatørane er veldig flinke – nesten proffe. Gode kommunikasjonar gjer at det er lett å utøvarar hit frå Oslo, Bergen og Eid, seier dirigenten.