Grunneigar til Hafstadfjellet lanserer attraksjon til 50 millionar
A1 avslutta konsertane under Veka 2010 med å spele to gonger for fullt hus.
Sjå biletserie
Video_import Sjå videoen der Halvard Huus kastar kokande vatn opp i lufta, og vips har han laga sin eigen snø. Video: Runar Sandnes
Les meir| Publisert 26.11.2009 kl 09:29 Oppdatert 26.11.2009 kl 10:01 |
Grunneigar Jon Flom i Førde lanserer ideen om gondolbane til 50 millionar i staden for bysti til Hafstadfjellet.
- Vil gi Førde identitet
– Ei gondolbane vil kunne ta med rullestolbrukarar, syklar, skituristar og bringe dei til topps på 3 minutt. Denne vil gje Førde ein identitet og kan sannsynlegvis delfinansierast med tippemidlar, seier Flom som har vore i kontakt med den svenske produsenten Doppelmayr Skandinavia for å hente inn tekniske data og prisar.
Restuarant på toppen
Ifølgje produsenten i selskapet er prislappen på ein gondoblane på omlag 50 millionar. På toppen av anlegget er det råd å ha eit bygg som kan huse ein liten kafé eller restaurant.
- Turistar ikkje i «bysti-modus»
Den planlagde bystien er berre for dei få, meiner Flom.
– Folk som kjem til Førde, har ikkje gymtøy i bagasjen og er dermed ikkje i «bysti-modus». Stien vil også utelukke uføre og rørslehemma i tillegg til at det vil vere for farleg for gamle å gå i trinna store delar av året. Tenk deg sjølv når snøen kjem, eller det ligg eit tynt islag på steinane. Bystien er for lite gjennomtenkt og prosjektet bør aldri igangsetjast.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt