Simon og faren tilbake i Florø
| Publisert 18.11.2009 kl 13:54 Oppdatert 11.12.2009 kl 11:28 |
Ni år gamle Simon og faren hans Fkade Thaye sit no i kyrkjeasyl i Florø, melder Firdaposten
80 dagar i Italia
Etter 80 dagar som asylsøkjarar i Italia bestemte Fkade Thaye seg for å reise tilbake med sonen til byen dei budde før dei blei kasta ut.
Les også:
Eg er så glad for å vere tilbake i Florø, seier Simon på telefon til NRK Sogn og Fjordane fem minutt etter at han og pappa gjekk inn døra i kyrkja i Florø.
Fkade fortel at dei flaug med fly frå Italia til Sverige før dei tok toget til Oslo og buss til Florø.
- Svært godt å komme attende
– Det er vanskeleg å setje ord på korleis det har vore å vere i Italia så lenge, men eg kan seie at det var svært godt å komme attende til Florø, seier Fkade til NRK Sogn og Fjordane.
– Vi ber innstendig om at UNE, UDI og andre som kan hjelpe oss med opphaldsløyve ser på saka vår endå ein gong. Vi kan ikkje reise tilbake til Italia. Det einaste vi vil er å vere i Norge og i Florø, seier Fkade.
I morgon vil det vere ein aksjon både i Oslo og i Florø for niåringen og faren hans.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt