...

Han vil selje deg TV- en du kan putte i lomma

Men så langt er det få som har latt seg overtyde av sunnfjordingen

Publisert 11.11.2009 kl 15:09 Oppdatert 11.11.2009 kl 15:09

Tips ein venn på e-post:


Så langt har 5000 folk i hovudstaden kjøpt mini-tv, og no håper naustedølen Gunnar Garfors, som er dagleg leiar i Norges Minitv (NMTV) at fleire i landet vil skaffe seg duppeditten.

Avgrensa dekning

TV- en gir deg kanalane NRK1, NRK2, NRK3, TV3, TV2 og TV2 Nyhetskanalen og du betalar berre for det sjølve TV- en kostar.

Salet starta for tre månader sidan i Oslo, for det er berre her ein får inn dekning.

– Vi er kjempefornøgde, seier Garfors om salet på 5000 til VG.no

Vil utvide dekninga

Han meiner dette talet er mykje høgre enn kva andre land har å vise til.

No håper naustedølen at dei greier å tene nok pengar slik at dei kan utvide dekninga.

– Neste skritt blir å få dekning på Gardermoen, og på t-bana under bakken. Så vil vi utvide til dei største byane. Men for å utvide, må vi først tene pengar, seier Garfors.

For pendlarar og sportsentusiastar

Målgruppa er pendlarar som nyttar mykje kollektiv transport, sportsentusiastar, foreldre som vil gi borna underhaldning i baksetet og studentar som ikkje har råd til lisensen.

Minitv krev nemleg ikkje registrering.

Kritikk for formatval

Selskapet har fått kritikk for formatvalet. Det konkurrerande formatet DVB-H blir av mange nemnt som formatet ein bør satse på sidan mobilbransjen har fatta størst interesse for dette.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.