Stortingspolitikar meiner det er moralsk feil å ta betaling for vaksinen mot svineinfluensa.
- Når styremaktene langt på veg pålegg innbyggjarane å vaksinere seg mot svineinfluensa, blir det moralsk feil å tvinge folk til å betale eigendel, meiner Åge Starheim (Frp).
Les også: Same vaksine - dobbel pris
- At eigenbetalinga også varierer kraftig nabokommunar imellom, gjer det ikkje betre, seier stortingsrepresentanten.
Små summar, store beløp
- Eigendelane blir ikkje blir meir enn småpengar å betale for den einskilde av
oss. Men summen av det befolkninga i ein kommune til saman betalar for å bli
vaksinert, blir eit monaleg beløp. Når eigendelen varierer kommunane imellom
på same produkt og same teneste, handlar det om differansar som hamnar ein
stad, mest sannsynleg hos kommunen det gjeld, meiner Starheim.
Monopolsituasjon
Han ser eit system og ein monopolsituasjon som i prinsippet opnar for at
eigendelen kan skruast opp, den dagen folk verkeleg pressar på for å få
vaksine, og han meiner dette blir feil.
- Vi i Frp meiner i utgangspunktet at denne vaksineringa skal vere gratis, og vi reiste framlegg om det. Når det blir eigendel, burde den i det minste vere lik frå kommune til kommune, seier han.
Uproblematisk
Stortingsrepresentant for Ap, Tor Bremer, tykkjer derimot ikkje
eigendelsatsane og variasjonane i desse er noko å bry seg med.
- Dette er eingongsutgifter som er så låge for den einskilde at det ikkje er noko problem, seier Bremer.