Kvitt magisk orkester opna Krimfest i Sunnfjord.
Krimfestivalen har blitt utvida både i storleik, emne og kunstnariske uttrykk.
13 av Oddvar Torsheims okkulte kvinnelege referansar er stilt ut på Førde Hotel, og Ivar Orvedals Kvitt magisk orkester batt saman programmet torsdag kveld før Sigrid Moldestad hadde konsert med hekser og sterke spelkvinner som tema.
Buddhistiske Kristine Nilsen Oma dansa torsdag for første gong i lag med musikarane Ivar Orvedal (vokal og fleire instrument), Kari Malmanger (vokal) og Bjarne Iestra (saksofon). Eksperimentell, søkjande og uttrykksfull musikk og dans som nok ikkje hadde falle i god jord hos inkvisisjonen.
– Vi har ikkje kjent kvarandre lenge, men vi har ein felles idé om uttrykk. Om å gripe energien, forklarer Orvedal, som håpar dei kjem til å samarbeide meir framover.
For mange var «bokbadet» der Anne Mette Hjelle prata med forfattarane Tom Egeland og Yrsa Sigurdadottir. Også dei fascinerte av magi og urmytar.
Krimfesten held fram til og med laurdag på biblioteket, teateret, kino, Hotel Førde og sjølvsagt der krimeventyret starta: på Hegrenes bruk i Angedalen, der det vert heksenatt med mellom anna Gunnar Staalesen. Der dukar også Kari Malmanger frå Kvitt magisk orkester opp lag med Lena Skjerdal.