15 slektningar influensasmitta i 60-årsfeiring

Publisert 30.07.2009 kl 10:29 Oppdatert 30.07.2009 kl 10:32

Tips ein venn på e-post:

...
Illustrasjonsfoto Foto: Bent Are Iversen

Rundt 15 slektningar vart nyleg influensasjuke etter ei stor bursdagsfeiring.

– Mannen min og eg kjende oss sjuke etter å ha komme heim frå hotellopphaldet, men har ikkje testa oss. Vi er allereie på veg til å bli betre, seier Irene Nydal til Firda torsdag.

Det var etter 60-årsfeiringa til Nydal at fleire av gjestene kjende seg sjuke.

Sjukehusopphald

– Eine sonen vår fekk påvist svineinfluensa og vart innlagd på sjukehus i Førde i tre dagar, seier Nydal, som bur i bygda med same namn ved Holsavatnet.

Sonen vitja legen ved to høve, og fekk først beskjed om at det truleg var lungebetennelse. Ved andre legebesøk, vart han testa og innlagd ved sjukehuset.

Ni gjester testa

Til saman ni av bursdagsgjestene har i ettertid testa seg for svineinfluensa. Hittil har berre fem fått svar, der alle prøvene har påvist smitte.

– Nokre hadde feber, medan eg berre har vore slapp og hatt litt hoste, seier Nydal.

Ho meiner svineinfluensaen ikkje er så farleg som somme mistenkjer:

– Det kjem nok heilt an på kor godt rusta kroppen er. Eg har hatt influensa som har vore verre enn dette, avsluttar Irene Oddny Nydal.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.