Studentrabatten vår laga vanskar ved gjennomreise, seier Widerøe.
– Vi var einaste flyselskap i SAS-konsernet som hadde denne studentrabatten. Skilnadene gjorde det vanskeleg ved gjennomreise, fordi studenten fekk rabatt med oss, men ikkje ved siste etappe på turen, forklarar kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien.
Ifølgje Kongsteien er det konsernet som har ytra ønske om å sameine billettypane.
– Dette kan nok gi DAT eit konkurransefortrinn, erkjenner han.
– Men er ein ute i god tid, kan ein framleis få billege billettar. Nokre av billettane våre er faktisk billegare enn studentrabatten, som var 50 prosent av vanleg billett.
– Er det sannsynleg at studentbilletten kjem att?
– Vedtaket har nok komme for å bli, seier kommunikasjonsdirektør Kongsteien.